Inviterer kreative: Elisabeth Haugo leiger ut gamalt bakeri til skapande menneske, både amatørar og proffe.

Vil leiga ut gamalt bakerilokale til kreative sjeler

Elisabeth Haugo veit frå eiga røynsle at det er einsamt å jobba for seg sjølv. No inviterer ho andre, både amatørar og profesjonelle, til å danna kreativt kollektiv i dei gamle bakerilokala i Kviteseidgata.

Haugo, som driv Hvidesøe og er utdanna skreddar, har eigd det gamle Kviteseid-bakeriet til Jacobsen i fleire år. Inntil nyleg har ho leigd det ut til ymse næringsdrivande, men no endrar ho forretningsmodell: Gamle Jacobsen skal bli eit kreativt kollektiv for alle som treng ein liten verkstad utanfor heimen.

Syr jakke: Linn-Marita Kyrvestad held på med ei jakke til seg sjølv. Saman kom ho og Haugo fram til kva dei ville gjera med bakeriet.

Kvardagsglede

– Det er ikkje berre for profesjonelle kunstnarar. Det kan òg vera folk som berre har ein kreativ hobby, til dømes saum eller skriving. Frå tida mi som skreddar veit eg det blir einsamt å sitja heime åleine og arbeida. Då er det meir sosialt å dela lokale i eit kollektiv, seier Haugo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Haugo trur dette kan koma Kviteseid-samfunnet endå meir til gode enn vanleg utleige. Samstundes ynskjer ho å lyfta fram kvardagsgleda som eit miljøvenleg alternativ til fly og forbruk:

– Me treng kanskje ikkje fire turar til utlandet kvart år eller kjøpa masse nytt, når me har ein god stad å dyrka hobbyane våre, meiner Haugo.