Bjørn Djuvland var ein av 115 bureisarar i gamle Rauland kommune på 1930- og 40-talet.

Bureisarbygda

– Det å taka fatt i svarte skogen og brote jord og bygge fjos, det var det han ville, seier Svein Kostveit, og kikkar opp på biletet av ein ung Bjørn Djuvland.

Publisert Sist oppdatert
Pågangsmot: Bjørn Djuvland var berre 22 år gamal då han sette i gang med å rydde jord og bygge opp ein gard.

 – Han reiste bruket der eg bur nå, Dale, legg Kostveit til.

Ein fullsett Vesaas-sal på Raulandsakademiet studerer svart-kvitt-biletet av den unge bureisaren, som berre var tjueto år gamal då han valte å rydde og bygge sin eigen gard på urørt land.

– Det er interessant historisk sett. Det er interessant i forhold til vår tid. Og det er utruleg, rett og slett, kor omfattande dette prosjektet var i gamle Rauland kommune, seier Kostveit.

For Bjørn var slett ikkje åleine om å kaste seg over den enorme oppgåva det er å bygge opp eit gardsbruk frå botnen av. Heile 114 andre raulendingar gjorde som han på 1930- og 40-talet, og det er berre tre kommunar i Noreg som har større del bureisarar i høve folketalet enn Rauland.

Markens grøde

Dei tre kommunane som slår Rauland i bureisingsstatistikken ligg alle i Nord-Noreg, som var veldig i siktet for den nasjonale bureisinga. Grunnen var dei store dyrkbare udyrka områda i Nord-Noreg, og Kostveit les kva visjon forfattar Knut Hamsun hadde for bureisinga nordpå alt før fyrste verdskrig:

«Vi skal få hendene opp av lommen igjen og begynne og arbeide, så blir vi ikke et helt folk av hotellverter og oppvartere. Vi skal tappe våre myrer, plante skog, kolonisere det veldige Nordland, så får vi en stans i utvandringen. Vi skal dyrke opp Norges land.»

Fyrste verdskrig herja i Europa frå 1914 til 1918, og så kom dei harde tjueåra med økonomiske nedgangstider. Det gjekk hardt ut over norske gardsbruk, og mange gjekk konkurs og vart selde på tvangsauksjon. Arbeidsløysa i Noreg var på 25 prosent – altså var éin av fire utan arbeid.

Samstundes var det utover 30-talet store ungdomskull i Noreg, og den fortvila situasjonen gjorde at dei leita etter ein utveg. Halvparten av befolkninga hadde alt utvandra til Amerika, og krisestemninga gjorde at ei ny utvandringsbølge var i ferd med å reise seg. Men så dukka det opp ein ny veg ut av elendet:

Bureisinga. 

To tome hender – og to industriarbeidarløner

Bjørn Djuvland starta med to tome hender, og måtte låne hest i starten. Etter kvart fekk han seg eigen hest, nokre sauer, kyr og ein gris. Han bygde fjøs til dyra, og så ei stoge til seg sjølv.

– Det var inntekt før stoge. Og før kjering, da, smiler Kostveit.

Her har Bjørn jobba hardt som bureisar ei god stund, og har fått seg både stoge og kjering. Bak dei to ser ein at det veks korn.

Heilt på bar bakke var likevel ikkje Bjørn og dei andre bureisarane, for det var krefter i sving som ville hjelpe ungdomen til å velje denne vegen. Alt i 1914 vart organisasjonen Ny jord stifta, og året etter kom Selskabet for landets kolonisering og emigrasjonens indskrænkning.

– Liten tvil om kva dei jobba for, humrar Kostveit.

Staten melde seg også på. Udyrka dyrkbar mark vart kartlagt, og dei fann ut at Noreg hadde enorme ubrukte ressursar. Lover og ordningar blei innført som gjorde at dei som ville bygge opp eit småbruk kunne skaffe seg jord. Staten sytte også for ein landbruksbank med gode lånevilkår for bureisarane, og fekk på plass eit bureisartilskott som tilsvara to årsløner som industriarbeidar.

– Ein kan spørje seg om dette var krisehjelp eller nasjonsbygging. Det var truleg båe delar, seier Kostveit.

Dei som ville bygge seg gard fekk gode lånevilkår. Her er panteobligasjonen til Bjørn Djuvland.

Sidan folk flest budde på bygda på 30-talet, var vegen kort frå ein bestemte seg til spade og spett vart sett i jorda. Framsteg som sement og kunstgjødsel fekk også fart i sakene.

Og 1935 skulle bli året der bureisinga tok av i Rauland. Det same året sette staten ned kommisjonen for nye arbeidstiltak, planlegging og sjølvberging.

– Me kunne trengt ein slik i dag au, kommenterer Kostveit.

Minst ein femdel blei bureisarar

Det budde 1175 menneske i Rauland kommune då bureisinga skaut fart. Med 115 bureisingsbruk og to personar på kvart av dei, kan ein rekne med at ein femdel av raulendingane budde på slike bruk. Truleg var det fleire enn to personar på mange av bruka, slik at delen bureisarfolk i realiteten var endå høgare.

Det var faktisk så mange som sette i gang at Rauland kommune måtte få auka kredittgrensa si for at alle som ville rydde, dyrke og bygge skulle få høve til å nytte låneordningane til staten.

Det er noko med fjøllmannslynnet, at ein ikkje er redd for å prøve seg når ei moglegheit byr seg.

Svein Kostveit

Resten av Telemark er ikkje i nærleiken av slike tal. Korleis kan det ha seg at så mange bretta opp ermene og gauv laus akkurat her? undrar Kostveit.

Ein av grunnane kan vere eit framoverlent jordstyre og heradsstyre som tok signala frå staten på alvor.

Ein annan årsak kan vere at grunneigarar var rause med å selje unna grunn til bureisarane. Kanskje redda også sal av bureisingsgrunn etablerte gardar frå konkurs.

Men truleg har også lynnet til raulendingen mykje å seie, trur Kostveit.

– Folk herfrå har vore kvalfangarar, og nå er me i oljen. Det er noko med fjøllmannslynnet, at ein ikkje er redd for å prøve seg når ei moglegheit byr seg.

Kva ein bureisar måtte ha av evner og pågangsmot er skildra i ei handbok som er skrive på 30-talet, og Kostveit tek fram nokre utdrag frå denne. Ikkje berre måtte bureisaren kjenne til kva kår og krav det var i jordbruket, og ha «godt husbondsvit» slik at han kunne planlegge arbeid på lang sikt. Han måtte også ha eit sterkt ønske om å koma seg opp og fram «så han greier å bryte seg fram gjennom slit og sakn til han sit trygt og velberga på eiget tun.» (Eystein Gjelsvik: Bureising - råd og rettleiing for bureisaren, 1939).

Svein Kostveit delte av kunnskapen sin om bureisinga på ein lettbeint og engasjerande måte, og krydra det heile med artige utdrag frå varierte kjelder .

Hogde lægar og spetta stein

Blant tilhøyrarane i salen denne kvelden er Jon Neset., som har vakse opp på bureisningbruket Haug ved Møsvatn. Der var han med på å grøfte og bryte jorda slik at dei kunne dyrke den.

Jon minnest godt at far hans ein sommar kom og lura på om han kunne ta på seg å grøfte ei myrgrøft. Den skulle vere femti, seksti meter lang, og Jon skulle få to kroner meteren.

– Det ville eg, veit du, gjerne. Ville gjerne tene litt pæning.

Jon Neset fortalde korleis dei grøfta myrar og braut ny dyrkingsjord på bureisarbruket Haug, der han vaks opp.

Han sette i gang og brukte ein månads tid på grøfta. Den skulle vere nokså djup, og sjølv om myrbakken ikkje var steinete så låg det knallharde, daude furutre på kryss og tvers nede i myra som måtte hoggast av med øks på kvar side av grøfta for at den skulle fungere.

– Dei lægane var ei forferdeleg plage, minnest Jon, som samstundes kjem i hug kor overraska han vart då han høgg gjennom desse eldgamle trestammene som måtte ha lege særs lenge i myra.

– Midt inni var dei heilt ljose og fine, som om treet var heilt nyhogge.

Jon var også med og braut ny dyrkingsjord for hand. Utstyrt med spade gjekk han og far hans rett på bakken der det ikkje var dyrka, og spadde ei torvrand bortetter som var om lag 35-40 cm djup og 60 cm brei. Nå heile randa var spadd, velta dei torva over med graset ned, plukka bort steinen og grov av jorda, og slik heldt dei på, rand etter rand.

– Den eine hausten begynte me tidleg, eg var vel tenåring då, og me dyrka jammen heilt opp ikkje så lite eit felt.

Det var hardt arbeid, men Jon hugsar det slett ikkje som ei dårleg oppleving å jobbe på bureisingsbruket.

– Ein kjende jo på meistring. Det var ei god kjensle å ha greidd å gjere jobben.

Mange steinar var for store for handmakt, og der hadde bureisarane på Haug ein veldig fordel, for dei var tidleg ute med å få seg traktor. Ein engelsk Ford OTA Monarch var på plass på bruket tidleg på 50-talet, kjøpt brukt på Hokksund, og den var til stor hjelp i steinryddinga. Jon og far hans bøygde ei bølgeblekkplate rundt ein stokk, sette kjettingar i endane og hengde stokken med plata bak traktoren.

– Så spetta me steinen inn på plata, køyrde av garde med den til vasskanten på Møsvatn, og så var det berre å spette dei av, fortel Jon.

– Så var me ferdig med det, så var det på han med neste.

Av og til kom dei til skikkeleg store steinar, og stubbebrytar hadde dei ikkje, men far til Jon var ikkje rådlaus. Han hadde fått tak i ei jernskinne som var fleire meter lang, og når dei kom til steinar som var for store til vanleg spetting, spetta dei eit hol under den med ein stor jernstaur og fekk den lange skinna ned i hòlet under steinen.

– Så la me vekta vår på og vippa opp den store steinen. Så var det opp på plata og vidare, seier Jon.

– Det var artig å vere med på.

Matberedskap, berekraft og lønsemd for bonden – då som no

Ei av dei store politiske sakene som låg bak bureisingsprosjektet på 1930-talet handla om å betre matberedskapen, og bureisingsbruka som vaks fram den gongen hadde ofte 5-6 kyr og 10-15 sauar.

– Det er langt meir enn til sjave seg, konstaterer Kostveit.

Når 19 000 slike bruk vart reist over heile landet, så styrkte dette matberedskapen så det monna.

Problemstillinga med låg matberedskap er på ny aktuell, for i dag har Noreg berre mat til halve folket dersom me ikkje får påfyll frå utlandet. 

Skulle forsyningane som norsk landbruk får frå utlandet også stoppe opp, har me berre mat til fire av ti nordmenn.

Skal me tenke på å få det til å svive lyt me meir og meir til på gamal gjerd både med klede og mat. Bruke det me heve sjølve og kaupe minst maugleg.

Halvor O. Kostveit

Vidare handla bureisinga også om eit anna tema som er mykje framme i dag: Berekraft. Her hentar Kostveit fram tankar bestefar hans, Halvor O. Kostveit, noterte i dagboka si i 1932, og som på mange måtar er like relevante i dag:

«Ute i verda, ja i Noreg og, er så for mykje av mange ting at dei brenner opp uhorvelege mengder med kaffe og bomull og andre varer, for at ikkje prisane skal reint brotne i hop. Me preikar fælt mykje nå, om at skal me tenke på å få det til å svive lyt me meir og meir til på gamal gjerd både med klede og mat. Bruke det me heve sjølve og kaupe minst maugleg.» 

Eit tredje dagsaktuelt tema som bureisarane kjende på kroppen er misforholdet mellom bondens inntekt og kva andre tener på råvarene frå landbruket. Også her har Kostveit eit sitat på lur frå bestefars dagbok som ikkje har gått ut på dato, sjølv om det er skrive for snart hundre år sidan:

«Det er ikkje noko samhøve på det ein sel og det ein kauper. Ein skilnad som vel naue hev vore maken til. Rå huder kostar 30 øre per kilo, eit par tykke støvlar 22 kroner og meir. Ull kostar 1 krone og 20 per kilo, og ei ullskjorte, uvand, fem kroner.» 

- Aldri har me vore så sårbare

Bureisinga styrkte sjølvbergingsevna, minka arbeidsløysa, og gjorde at me hadde mindre matmangel når andre verdskrig kom, oppsummerer Kostveit, og tek også med nokre ord frå Åge Hovengen, som sat på Stortingen for Ap frå 1973 til 1989. Hovengen skriv om bureisinga i forordet til boka «Brøyte seg rydning»:

«Et av de viktigste distriktspolitiske tiltakene i norsk historie, kanskje det viktigste.»

 Ein av dei som lyttar til Kostveit denne kvelden og gjer seg tankar om kvar me har hamna i dag er tidlegare fylkeslandbrukssjef Helge Nymoen. For faktum i dag er at stadig fleire små og mellomstore bruk forsvinn, og at dei som satsar stort er avhengige av ei mengde innsatsfaktorar utanfrå for å fungere.

– Eg tenkjer på kor langt me har kome i dag, seier Nymoen.

– Og aldri har me vore så sårbare som no.

Uroa: – Aldri har me vore meir sårbare, sa Helge Nymoen etter å ha høyrt Kosveit dra linene frå bureisinga på 30-talet og matauken den førte til, og fram til dagens låge matberedskap. Nymoen har lang fartstid i landbruksbyråkratiet, mellom anna som landbruksdirektør i Telemark og Vestfold, og far hans, Kolbjørn, var heradsagronom i Rauland i ei årrekkje.
– Aldri har me vore så sårbare som no, sa Helge Nymoen etter å ha høyrt Kostveit fortelje om bureisinga og linene fram mot dagens beskjedne matberedskap i Noreg. Nymoen er no pensjonist, men har jobba mykje med landbruk opp gjennom åra, mellom anna som landbruksdirektør i Telemark.

Me har komme til slutten av forteljinga som starta med bureisaren Bjørn, og på storskjermen har Kostveit nå framme ein kar som slett ikkje er bureisar, og som bringar forteljinga om bureisinga i Rauland rett inn i nåtida.

Det er generalløytnant Robert Mood som ser alvorleg utover forsamlinga på Raulandsakademiet. Mood pensjonerte seg i 2016, etter 38 år i militærteneste, og Kostveit avsluttar bureisarkvelden med å trekkje fram hans tankar om kva ein bør satse på i forsvaret.

Og Mood, han meiner at prioritering av kaup av stridsvogner til 20 milliardar kroner burde erstattast av satsing på sjølvforsyning.

Attmed biletet av generalløytnanten har Kostveit skrive eit enkelt ja-nei-spørsmål:

«Har han rett?»

Knapt eit sete var ledig i Vesaas-salen på Raulandsakademiet då Svein Kostveit fortalte om bureisinga.

 

 

Powered by Labrador CMS