Etter nesten 25 år utanfor arbeidslivet er Bjørn Bjerke no rusfri, i full jobb og lærling i Tokke kommune.

Bjørn var ufør og rusbrukar. Så fekk han jobb i kommunen. – Det er eit heilt nytt liv

I nesten 25 år var Bjørn Bjerke (49) utanfor arbeidslivet. No er han rusfri, i full jobb og lærling i Tokke kommune. Historia hans viser kva som er mogleg når menneske og system samarbeider – og når ein sjølv er villig til å ta steget.

Saman med Anne Vadder Midtbø, som jobbar i psykisk helse og rus, møtte Bjørn sommaren 2023 opp på kommuneverkstaden på Dalen, der teknisk etat har møteplass. Han ville ha noko å gjere.

– Han fekk ein grasklippar i handa og byrja å halde det fint rundt leilegheita si – og på nokre kommunale område. Det fungerte veldig bra, og han vart meir og meir ivrig, og ynskte å arbeide meir, fortel Tore Gjerlid, avdelingsleiar for teknisk i Tokke kommune.

I midten av august same år vart han tilsett i kommunen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS