Eldste: Frå venstre er det Opel Regent 1933 modell, 18B 1931 modell og Olympia 1936 modell.
Geir Ufs
135 gamle og nyare bilar på landstreff
Bilentusiastar frå heile landet deltok i førre veke på eit femdagars Opeltreff på Gautefall. Eldste bil var ein 1931-modell 18B. Og jammen var det også ein nesten hundre år gamal Opel radio på plass.
Det var Opelregisteret som arrangerte landstreffet – årets hovudsamling for dette bilmerket i Noreg. Det er fleire lokale Opel-avdelingar i Noreg som arrangerer sine treff også. Opelregisteret har 1300 medlemer frå heile landet.
– Har du ny eller gamal Opel eller har interessa er du velkomen på treffet. Dette er årets høgdepunkt, utan tvil.
Orda kjem frå to i treffkomiteen, Even Hagesveen og Svein Magne Melsæter. Dei har fått med seg mange Opeltreff.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP