Magisk: Stemning under Early Bird-utflukten på toppen av Vrådal Panorama.
Privat
2500 MC-entusiastar var samla i Vrådal
Det sjuande Straand-Treffet blei gjennomført i strålande solskinn, og over 2 500 motorsyklistar fekk høve til å prøve heile 102 nye motorsyklar.
Med fokus på tryggleik, kjøreoppleving og utvikling av ferdigheiter, blei arrangementet ei feiring av både motorsykkelkultur og innovasjon innanfor tryggleikssystem for motorsyklar, melder Straand Hotel i ei pressemelding.
På årets treff stod nullvisjonen, MC-airbagar og andre tekniske tryggleiksløysingar i sentrum. Nye, moderne motorsyklar utstyrt med avansert teknologi vart presenterte for publikum. Førarutvikling var òg eit viktig tema, med eit sterkt fokus på korleis ein kan auke tryggleiken for motorsyklistar på vegen.
Ole Martin Pedersen Eidevik, tidlegare eigar av MC-Avisa, og Thore Slettetveit, eigar av CBP i Skien, var mellom dei glade deltakarane på treffet og uttrykte at dei var nøgde med arrangementet. Treffgeneral Trond Olsen framheva kor viktig Straand Treffet har vorte for motorsykkelbransjen i Noreg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP