Fuktig: Bilfesten «Straand on ice» vart litt våtare enn arrangørane hadde håpa på.
Kari Smeland
Bilfest på veldig våt is. – Eit par svingar gjev meir kjensla av å vere med i eit båtløp enn eit billøp
Takka vere iherdig dugnadsinnsats vart bilfesten «Straand on ice» arrangert som planlagt på Flatsjø på laurdag.
– Det var på nippen i går, fortel Steinar Andersen.
Han er leiar av NMK (Norsk Motorklubb) Seljord, og ein av fleire som legg ned mange timar dugnadsarbeid for at dei kan arrangere billøp på isen. Det våte vêret dei siste dagane gjorde at dei var veldig usikre på om dei kunne gjennomføre iskøyringa som var planlagt på Flatsjø i Flatdal.
Andersen og Håvard Velta, som også er med i NMK, fortel at dei heldt på til klokka rundt halv eitt fredagskveld.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP