Gler seg til løp: Kristoffer Torsdalen (t.v.), Olav Gundersen, Tarjei Skræi, Tormod Tveitan, Inge Tveiten, Ruben Breiland og Hans Rue ser fram til årets Sjøormløp og håpar på godvêr og mange frammøtte køyretøy og skodelystne gjester.
Tone Tveit
Dei siste åra har det blitt færre eldre veteranar. – Nå ynskjer me oss tilbake til røtene
Den motorhistoriske klubben i Vest-Telemark gjer endringar på det årvisse Sjøormløpet. Etter ein runde rundt Seljordsvatnet blir det utstilling og bilprat i Nordbygdi laurdag. Klubben ynskjer også gje fordelar til dei eldste køyretøya på to, fire eller fleire hjul som møter fram til løpet.
På industriområdet i Nordbygda står ein Chevrolet Impala 1963-modell, ein Pontiac Firebird 1968-modell, ein A-Ford frå 1928, ein Ford TT frå 1926, ein Buick-GS frå 1970 og ein Toyota Supra frå 1987. Saman med veteranglisa har også sju blide bilinteresserte karar møtt fram i sola.
Dei gler seg til årets Sjøormløp fyrstkomande laurdag. I år vil løpet gå rundt Seljordsvatnet, og som vanleg blir det ulike postar og utfordringar på rundturen for deltakarane, og køyretøya vil svinge innom campingplassane. Klubben stiller med veteranbussen, og har plass til nokre passasjerar dersom det er interesse.
– Løpet blir kortare enn tidlegare, og me håpar mange møter fram langs ruta for å sjå. Etter målgang håpar me folk vil bruke litt tid saman med andre motorentusiastar i Nordbygdi, i staden for å haste heim att, seier Hans Rue frå Vest-Telemark motorhistoriske klubb.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP