Byter leverandør: Førre veke blei drivstoffpumper og reklame for Circle K tatt bort frå området til Telemark bilruter i Vrådal. Snart er blir YX Norge ny leverandør av drivstoff på tomta.
Privat
Det kjem snart drivstoff, men ingen elbilladar
Telemark Bilruter har valt YX Norge som samarbeidspartnar på drivstoff i Vrådal.
– Det stemmer at Telemark Bilruter, som eig stasjonen/området, nå har valt YX Norge som samarbeidspartnar på drivstoff i Vrådal. Dette gjeld også i Seljord, der det blir bygd ein helt ny Truck-stasjon for tungtransport, og i Åmli, seier regionssjef Sør i YX Norge AS, Frank Strand.
Han legg til at YX Norge ser fram til samarbeidet med Telemark Bilruter, og til å bli enda meir synleg i denne delen av Telemark.
– Det blir i desse dagar utført arbeid og førebuingar for å opne stasjonane i ny «drakt», men opningsdatoane på anlegga er for tida ikkje sett. Me håpar å opne i starten av juni i Vrådal, seier Strand.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP