Jorda rundt tre gonger i året: – Når du køyrer 110–120 000 kilometer i året, då utviklar du ein del sansar og ting som folk flest som berre køyrer til jobb, ikkje gjer, seier Allan Bruaset.

– Eg fylgjer med på temperaturen når eg køyrer

Yrkessjåførar veit vel betre enn nokon kva ein bilist må tenkja på om vinteren. Allan Bruaset frå Vestnes i Romsdal har køyrt tankbil og buss sidan 2002 og er på jobb i heile landet og i Sverige. Han køyrer jamleg frå Grenland, via Bø, opp til Seljord og vidare over Haukeli, og er godt kjend med E134 her.

– No når det blir vinter, er det delar av Telemark som er særleg krevjande å køyra i?

– Ja, frå Høydalsmo og opp til Vinje. Der er det nokre stykke som peikar seg ut, særleg mellom Åmot og Vinjesvingen. Det er bratt og ulendt. Sjølv om du greier svingen, kan det stå ein med to-aksla bil på den andre sida.

Bruaset forklarar at to-aksla lastebilar misser grepet fortare enn tre-aksla, som er normalen i Noreg.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS