Stod på: Ørjan Didriksen har prøva å gjort sitt og vel så det for å få 50-sone på Sundsodden i Nissedal. Rett før sommarferien fekk han ynsket oppfylt.
Geir Ufs
Endeleg fekk Ørjan løn for alt strevet: – Eg ville helst hatt 30-skilt, men er veldig glad for det som er gjort
Hyttebuar Ørjan Didriksen har kjempa i årevis for å få lågare fartsgrense enn 80 kilometer i timen på den 3 meter smale fylkesvegen ved Sundsodden i Nissedal. I sommar kom det endeleg 50-skilt på strekninga.
– Det er eit under at det ikkje har vore alvorlege ulykker på fylkesvegen frå Rv41 og ut til der Fjoneferja går. Hadde det blitt påkøyring av hyttefolk og andre folk langs vegen, hadde det gått skikkeleg gale.
Orda kjem frå Ørjan Didriksen. For fire år sidan bygde han og kona Vigdis hytte like ved ferjeleiet på Sundsodden. No bur dei ikkje lenger i Skien, men på fritidsbustaden i Nissedal kommune.
Ørjan har i fleire år registrert at bilistar og motorsyklistar har køyrd i minst 80 kilometer i timen på den 1110 meter lange fylkesvegen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP