Berekraft: – Me er midt i det grøne skiftet, og det å bytte ut ein fullt brukbar telefon er då ikkje særleg berekraftig, meiner Ole-Petter Østevik.
Anne Sofie Tresland
Får ikkje lasta ned lade-app: – Me er midt i det grøne skiftet, og det å bytte ut ein fullt brukbar telefon er då ikkje særleg berekraftig
Ole-Petter Østevik i Seljord har skaffa seg elbil. For å få tilgang til ladestasjonane melde han seg inn i Norsk elbilforeining. Men appen får han ikkje lasta ned. Truleg er telefonen for gamal.
Då Ole-Petter Østevik i Seljord gjekk til innkjøp av ein Audi E Tron 2021-modell var rådet frå seljaren hjå bilforhandlaren klart: «Meld deg inn i elbil-foreininga, så får du tilgang til svært mange ladestasjonar.» Han meldte seg inn og fekk tilsendt den blå ladebrikka.
Bruken av nybilen har hittil for det meste skjedd i nærområdet, og då har han ladd heime. Men i neste veke står ein langtur for døra. Då skal han køyre til Gardermoen, og bør helst lade ein gong kvar veg. Då må brikka vera aktivert. For å registrere betalingskortet må appen Ladeklubben lastast ned.
Likeeins hjå DNB
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP