Iskøyring på Sundkilen: Biletet er frå Winter experience i mars 2023.

Får løyve til å køyre på isen

Formannskapet i Kviteseid er positive til at NMK Vest-Telemark får løyve til å arrangere organisert køyring på isen i Sundkilen.

Publisert

Motorferdsel på islagde vatn er i utgangspunktet forbode, og krev særskilt løyve frå politisk hald. I over ti år har NMK Vest-Telemark fått løyve til å arrangere køyring på isen i Sundkilen.

Eit samrøystes formannskap var positive til å gje motorklubben i Vest-Telemark nytt løyve for fire dei fire neste åra. Klubben skriv i søknaden at køyringa vil vere på laurdagar, men at dei også må kunne brøyte isen i forkant.

I vedtaket frå formannskapet heiter det at det ikkje skal køyrast på isen om natta, og heller ikkje sundag føremiddag. Nedkøyringa til banen skal vere stengt utanom dei tidene NMK- Vest-Telemark køyrer på isen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS