Høg fart: Nitrometan er høgeksplosivt, og Klausens fart blei målt til 245 kilometer i timen då han passerte målstreken.
Pål Magnussen
Fyresdøl tok sølv i fyrste runde av NM
Jan Erik Klausen frå Fyresdal kom på andre plass i helgas NM-runde på Gardermoen Raceway. Han passerte mållina i rolege 245 kilometer i timen.
Jan Erik Klausen køyrer dragrace-motorsykkel i klassa for syklar med to sylindrar og nitrometan som drivstoff. Han tok lisensen for å handtere nitrometan, som er reine sprengstoffet, i fjor. Dette er ein lang prosess, og dei med lisens har bare lov til å handtere nitrometan på banen og ikkje heime.
– Eg får aldri øvd på å køyre før eg er i løp. Eg bryr meg ikkje så mykje om resultatet på klokka, men er heller nøgd med at me i teamet har klart å tune motor og gir slik at det presterer, seier Klausen audmjukt.
Hovudet blei rykka bakover
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP