Håpar å etablere fast rutetrafikk til og frå flyplassen – vesttelemarkskommune vil inn på eigarsida
Rådmannen i Vinje rår politikarane i kommunen til å gå inn med 5 millionar kroner i aksjekapital i Notodden Lufthavn Eiendom AS. Han vil vel og merke setje vilkår om at det blir etablert utanlandsruter.
Notodden lufthamn arbeider for tida med å starte opp att rutetrafikk til og frå flyplassen att, og har signert ein intensjonsavtale med Widerøe med mål om å starte opp innanlandstrafikk, mellom Notodden og Bergen, i løpet av neste år.
Flyplassen har også avklart moglegheita for å starte opp med utanlandstrafikk med politi og tollmynde, men før dette eventuelt kan bli realisert, må eit nytt terminalbygg kome på plass. Ynsket om utanlandsruter er spesielt sterkt frå reiselivsnæringa, som ynskjer å hente turistar direkte til regionen frå land som Sverige og England.
Notodden kommune har etablert eit eigedomsselskap for å føre opp terminalbygg, og sjølv sett inn 7 millionar kroner i aksjekapital. Dersom terminalen skal kunne handtere utanlandstrafikk, er det naudsynt å få fleire investorar med på laget, og kommunane Vinje og Tinn har difor fått tilbod om å vera med.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP