Comeback: Til helga gjer Jørgen Solberg (50) comeback, etter 15 år borte frå rallysporten. (Arkivfoto)

I helga gjev Jørgen full gass igjen

Det er 15 år sidan nissedølen Jørgen Solberg la opp som rallyførar. Til helga gjer han comeback. I fyrste NM-runde på grus er Jørgen, som nyleg fylte 50 år, klar for å kline til og ha det moro.

Publisert

Jørgen Solberg er godt kjent for å ha starta og arrangert Treungenfestivalen i årevis. Noko anna som har blitt lagt merke til ved karen full av energi, er då han byrja i rallysporten i 2000. Den gongen i ein skarve bil som etter kvart blei knust, men det gjekk bra med Jørgen og kartlesaren.

Etter kvart kjøpte Jørgen dyrare og dyrare fartsbilar. I 2004 var han initiativtakar til Rally-Treungen, eit løp han vann det året. Fartsfesten i Treungen blei arrangert fire gonger.

På dei sju åra Jørgen var aktiv i rallysporten, blei beste plasseringa ein 5.-plass i klassa hans i VM-runde på Hamar i 2007.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS