16–21 år: For at det ikkje skal vere vanskeleg for ungdom å skaffe årsløyve på snøskuter, føreslår rådmannen i Vinje å ha 50 løyve til redusert pris for dei frå 16 til og med 21 år. (Illustrasjonsfoto)
Geir Ufs
Kan bli 50 ungdomsløyve for snøskuterkøyring
Rådmannen i Vinje tilrår plan- og miljøutvalet onsdag å sende på høyring forslag om mellom anna å ha 50 snøskuterløyve øyremerkt ungdom frå 16 til og med 21 år gamle.
Forskrift for løypenett for fritidskøyring med skuter i Vinje kommune vart fyrste gong vedteke i 2016. Etterpå har det vore gjort ein del mindre endringar i forskrifta.
Plan- og miljøutvalet vedtok 9. juni i år at det no er tid for å ha ei større rullering av forskrifta.
No har kommuneadministrasjonen kome med framlegg til revidert forskrift som skal bli sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP