Bremselaus: Korkje bremsane eller handbrekket i bilen til Solberg og Granheim virka. Dermed enda Rally Larvik i grøftekanten.

Låg i 150 km/t då han trykte på bremsen – den virka ikkje. – Villaste eg har vore med på

Jørgen Solberg og kartlesar Stig Granheim fekk eit ublidt møte med grøftekanten i helgas Rally Larvik. Håpet om NM-medalje rauk i krasjen, men Solberg er berre letta over at det ikkje gjekk verre.

Publisert

– Plutseleg var bremsene borte. Eg har aldri opplevd liknande, det er det villaste eg har vore med på, seier Solberg til VTB.

Han fortel dei heldt kring 150 kilometer i timen då han prøva bremsene. Handbrekket var det heller inga mon i – dei enda til slutt i grøftekanten, og tok med seg eit stort skilt på vegen. Heldigvis kom både Solberg og Granheim uskadde frå ulukka, men marginane var små.

– Hadde me hatt 10 kilometer i timen meir hadde me gått rett i ein fjellnabb. Eg trudde me kom til å treffe den, men eg klarte akkurat å manøvrere unna, seier treungen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS