Bedriftsbesøk: Toyota Bilia AS fekk besøk av formannskapet og kommuneadministrasjon i Seljord kommune. Frå venstre ordførar Beate Marie Dahl Eide, dagleg leiar Thomas Loftsgarden og servicemarknadssjef Bjørnar Lunden.

Sel nesten to bilar kvar dag: – Dette er bilbygda

Mange tar turen til Seljord for å handle bil hos Toyota. Heile 550 bilar blir seld årleg frå verksemda på Brøløs. – 200 av dei er nye bilar, fortel dagleg leiar Thomas Loftsgarden.

Publisert Sist oppdatert

– Me har 30 tilsette, fortel dagleg leiar Thomas Loftsgarden ved Toyota Bilia, avdeling Seljord.

Bilia kjøpte i fjor vår bilverksemda som også har avdeling for lakk, karosseri, skade og dekkhotell av Funnemark. Loftsgarden seier at ny eigar ikkje endra så mykje i drifta.

– Me fekk ein større eigar, men styrer kvardagen stort sett sjølv. Bilia frigjev tid til å selje meir bil og reparere bil, dei tek vare på dei tilsette godt, meiner Loftsgarden medan han og servicemarkedsjef Bjørnar Lunden viser politikarar og kommuneadministrasjon rundt i lokala til verksemda på Brøløs.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS