Folkefest: Det kom over 800 fleire publikumarar enn arrangøren forventa.
Stian Evensen
Seljord Showdown blei ein folkefest. – Folk set pris på eit mindre og folkeleg arrangement
Arrangørane torde ikkje håpe på meir enn 500 i publikum, men då laurdagen kom og det var tid for Showdown, møtte over 1200. Parkeringa var stappfull av bilar, nettet krasja og kiosken blei tømt.
Det blei ein folkefest då Seljord Showdown blei arrangert for fyrste gong i helga.
– Me var utruleg heldige med vêret, seier Håvard Velta, frå NMK (Norsk Motorklubb) Seljord.
Velta meiner at vêret har mykje å seie for om folk vil kome på eit slikt arrangement.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP