Fin dugnadsgjeng: Håvard Velta (t.v), Jørn Andre Øygarden Hegg, Jan Ivar Moen, Marius Nyberg, Rina Jeanette Nyberg, William Bjaaland Moen og Martin Jensen. – Me har vore ein fin dugnadsgjeng her. Born, kvinner og menn har stått på for å få til arrangementet, seier Velta.

Seljord Showdown. – Målet er å gå tilbake til røtene

Seljord Showdown blir arrangert for fyrste gong til helga. – Ein kan forvente mykje røyk, høg lyd og bra bilkøyring.

Publisert Sist oppdatert

13. juli blir det bilfest på Århusmoen i Seljord. Gjengen i NMK Seljord lovar ein forrykande dag med drifting, bilutstilling og show.

– Det er omtrent 30 til 40 deltakarar som driv med drifting som skal vere med. I tillegg så er det ein gjeng med glad-amatørar, som eg kallar det, som skal køyre. Me har òg det ein kallar freestyle-klasse, det vil seie at kven som helst kan melde seg på og teste banen, seier Håvard Velta frå arrangørklubben.

Det er fyrste gongen det blir halde eit slikt arrangement i Vest-Telemark.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS