Nytt tilbod: Atle Solnes i gang med antirustarbeidet – eit nytt tilbod i Nordbygdi.

Tre år etter at dei starta i ei brakke på industriområdet passerer dei nå 150 millionar i omsetning

Terje Nordstoga medgjev at det er tøffe tider i bransjen, men han gler seg over at Autostrada i Seljord passerer 150 millionar kroner i omsetning i 2024.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ikkje alle i bilbransjen som kan vise til vekst!

Terje Nordstoga er fornøgd med det fyrste drøye året i det nye bygget i Nordbygdi i Seljord. Den daglege leiaren og staben har bygd opp butikken frå null. Det starta i ein brakkerigg på industriområdet 1. januar 2022 med seks tilsette. Då blei det omsett for 45 millionar kroner. I 2023 var talet 132 millionar kroner, og i år – i det fyrste heile året i nybygget passerer Autostrada Seljord 150 millionar kroner. Nå er dei 15 fast tilsette og i februar startar endå to. Alt i alt er dei 20 på lønningslista.

Men også kostnadene har auka monaleg, og Nordstoga innrømmer at botnlina ikkje heng med i omsetningsauken. Plussen i rekneskapen blir mindre enn han var i fjor (3,8 millionar, red. merk).

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS