Styre vekk anna køyring: Tone Edland (Sp) sa at eit poeng med område for frikøyring med snøskuter kanskje styrer vekk dei som gjer slik køyring andre plassar.
Geir Ufs
Vil at ungdom skal kunne leike seg med skuter på eigne område, utan at dei treng å vera redde for at politiet tek dei
Fleire politikarar støtta tanken til Tone Edland (Sp) om å finne eit større område der ungdom kan frese frå seg på snøskuteren, om grunneigaren går med på det.
Under drøftinga av rullering i forskrifta for løypenett for fritidskøyring med snøskuter, tok Tone Edland opp noko som hadde vore samtaleemne tidlegare; ein eigedom der det kan bli drive med frikøyring. Edland undra på om det kunne vere ein idé å ha spurd grunneigarar som kunne stille eigedom til disposisjon for slik snøskuterkøyring.
– Det må vere ein eigedom med litt storleik og der du ikkje kjem i konflikt med nokon og kan leikekøyre med snøskuter. Eit område som er i tilknyting til godkjent løypenett så du kan kome derfrå og inn på eigedomen – her kan de leike dykk. Det handlar om at ungdom kan få leike seg, utan at dei er redde for at politiet tek dei. Eg trur det absolutt hadde vore litt om å gjere å få til eit slikt område, for det er det som er etterspurd, sa Edland.
Ikkje utfordrande i dag
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP