Banens yngste: Tretten år gamle William Bjåland Moen frå Seljord er klar for nokre rundar på isen med BMW-en sin.

William (13) har full kontroll på isbanen

13 år gamle William Bjåland Moen frå Seljord var den yngste føraren på isbanen på Flatsjå laurdag. Kring 70 køyretøy frå heile Sør-Noreg var påmelde til driftinga.

Publisert Sist oppdatert

– Vil bladfyken vera med på ein køyretur på banen? Lokalavisa utsende lét seg ikkje be to gonger. Eller vent. Kanskje det blei to-tre gonger. Men nå var dagen der, med nokre få minusgrader. Sola hadde krabba over Skorve, og langs dei oppbrøytte isbanane på Flatsjø låg glitrande pudder. Nysnøen laga lokale føykebyger når bilane skrensa forbi. Under hjula ligg isen nærare halvmeteren tjukk, får me fortalt.

På med hjelmen og inn på passasjersida i bilen til William, ein BMW E46. Setebelta er trygt festa. Ja, han er berre tretten år, fyller forresten fjorten denne veka, og køyrer fullt lovleg. Han tok juniorlisens i drifting i fjor vår, og ungdomane kan køyre trening frå det året dei fyller fjorten.

Fart og spenning

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS