Ein ny studie viser at dei under 25 år bruker færre forsøk både på teori og praktisk køyring for å få førarkort, enn dei som er eldre.Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Yngre bruker færre forsøk på å ta førarkort

Dei under 25 år treng færre forsøk både på teori og praktisk køyring for å få førarkort, enn dei som er eldre. Det viser ein ny studie.

Publisert

Studien ved Nord universitet viser òg at jo lengre tid det går mellom teoriprøve og den praktiske prøva, jo større er sannsynet for å stryke til praktisk prøve, skriv Forskning.no.

Ifølgje studien brukte elevar over 25 år meir tid på å gjennomføre fleire av stega før praktisk prøve. I tillegg trong dei fleire forsøk på å ta både teorien og den praktiske prøva, og brukte lengre tid mellom teoriprøva og den praktiske prøva.

Forskarane har ikkje undersøkt årsaka til at det er dei yngste elevane som treng færrast forsøk for å bestå førarprøva.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS