Januar: I fleire år har ein gjeng med damer frå Kviteseid strikka sokkar og sendt til Frelsesarmeen. Fleire hundre par har det blitt. I januar sende dei av garde eit års produksjon –over hundre par. Dei heimestrikka sokkane deler Frelsesarmeen ut til heimlause, rusavhengige og born som veks opp i låginntektsfamiliar. Gunhild Berntsen (f.v.) og Anlaug Solvang er to av strikkarane. Dei veit ikkje kor mange sokkar dei har strikka i løpet av desse åra. – Og me tek ikkje tida, seier dei. Foto: Elin Fjalestad Året som gjekk – Kviteseid Februar: Hadle Hovda sat ofte på ein benk ved sekskanten i Kviteseidbyen, og slo av ein prat med dei som kom forbi. Etter at Hovda døydde i januar var ein gjeng samla på Waldenstrøm kafe. Der kom ideen om at denne staden i sentrum, som så mange forbind med Hovda, burde få namnet Hadle Hovdas plass. Dei gjekk rett opp på ordførarkontoret og lufta ideen. Og i februar skrudde Tarjei Draugedal (f.v), Ingar Hovda og Einar Søreide opp skiltet som syner at plassen ved benken nå heiter Hadle Hovdas plass. Foto: Privat Mars: I eit ekstraordinært representantskapsmøte 4. mars drøfta dei seks ordførarane i regionen om Vest-Telemark PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) skulle gå over frå ei organisering med interkommunalt samarbeid til vertskommunesamarbeid, og kom med klare signal om at dei ønska at Vinje kommune skulle vere vertskap for tenesta. Dei tilsette ved det interkommunale PPT-kontoret i Kviteseid reagerte sterkt på at dei ikkje vart involvert i prosessen. Foto: Elin Fjalestad April: Dei siste åra har Kvitsund gymnas gått med millionunderskot. Leiinga ved skulen trur eit breiare fagtilbod kan bidra til fleire elevar og betre økonomi, og søkte om at skulen skulle få utvida tilbodet med ei idrettsline. Etter ein lang diskusjon i fylkestinget vedtok politikarane i Telemark å ikkje støtte søknaden om å etablere idrettsfag ved den vidaregåande skulen i Kviteseid. Svein Foldøy (f.v.), Christopher Andersen og Edgar Gamst Kristoffersen var skuffa over avgjerda. Foto: Elin Fjalestad Mai: – Me kan ikkje sitje her og vente på at nokon utanfrå skal kome å redde bygget, sa Birgith Reinskås Lunden og Tore Krossli. Dei er to av fire personar som i mai gjekk saman og stifta «Foreininga bevar Vråliosen hotell». Målet var å redde bygget, som i mange år har stått til forfall. Foreininga hevdar det gamle tømmerhotellet er eit av dei viktigaste kulturminna i kommunen, og meiner det bør bli ståande i bygda og vere tilgjengeleg for folk flest. Foto: Elin Fjalestad Juni: I vårløysinga tok truleg isen med seg havfrua «Svånaug». Kviteseid brannvesen sende ut to båtar med oppdrag om å søke etter ei sakna havfrue. Med dykkarmaske og snorkel blei det gjort funn. Erik Landsverk fekk dykka ned og festa eit tau rundt havfrua slik at mannskapet fekk ho opp, fortel utrykkingsleiar i Kviteseid brannvesen, Bård Breidalen. Frå venstre: Hans Erling Midtbøen, Morten Hovden Aabø, Erik Landsverk, Kristian Skogheim, Ken Torfs med «Svånaug», Atle Andersen, Bjørn Salmelid Solbekk Wærmo, Valur Steindórsson, Linda Lia, Bjørn Erik Sørensen og Even Riis. Foto: Privat Juli: Kviteseid G14 tok dei turen til Ekebergsletta for å delta i verdas største fortballturnering. Gutane hadde håpa på ein plass i A-sluttspelet og var skuffa over tap då VTB møtte dei etter kampen. Men dagen etter kunne dei juble over siger. Framme f.v.: Jhoemel Demandante, Tarjei Midtbøen, Sondre Sandland, Håkon Nordbø Venås, Knut Olav Slettemeås, Ståle Nicolai Landsverk, Mikkel Ståland og Martin Betten. Bak.f.v.: Casper Roholdt, Olav Kleivstaul, August Mihelskas, Andreas Skjæveland, Vetle Aamot, Olav Stykket, Trygve Lie Lundeberg og Jens Olav Jamgrav. Foto: Elin Fjalestad August: Alice Bratås frå Fjågesund og Runar Hagen frå Seljord gav kvarandre sitt ja om bord på «kanaldronninga». Det var varaordførar i Kviteseid, Stian Hauge (Sp), som vigde paret. – Det var fantastisk. Det er ikkje kvar dag at folk giftar seg på Victoria, sa han smilande. Båten stoppa ved Bergsto brygge i Fjågesund, der slapp den av bryllaupsgjester og brudepar. Foto: Åsne Margrete Kleiv September: Budsjettrevisjonen viste eit meirforbruk på Kviteseid skule på 2,6 millionar. Det bekymrar både skuleleiinga og lokalpolitikarane. Politikarane hadde ei rekke spørsmål til leiinga ved skulen. – Mitt ansvar er å gje alle ungane det dei har rett på. Eg står i ein skvis kvar dag, seier rektor Odd Arne Thorbjørnsen (t.h.). Her samane med kommunalsjef for velferd Thormod Moi Felle Foto: Elin Fjalestad Oktober: I januar gav Kviteseid kommune løyve til utfylling, tomtearbeid og oppføring av åtte bustader ved Sundkilen. Naturvernforbundet klaga på vedtaket. I oktober konkluderte Statsforvaltaren med at kommunen ikkje hadde heimel til å gje løyve, og gjorde om vedtaket. Foto: Elin Fjalestad November: – Snart kan gjestene ligge i boblebad under open himmel og sjå utover bygda, lovar hotellsjef ved Morgedal hotell, Kristin Havsjømoen. Den 148 kvadratmeter store plata er ferdig støypt til påbygget som skal huse den nye spa-avdeling på hotellet. I det nye påbygget vil det kome ei fellesbadstove med utsikt utover bygda, to behandlingsrom og eit stillerom. Foto: Tone Tveit Desember: Kari Straand (f.v.), Olav Sanden og Heidi Svalestuen er med i styret for Vrådal grendehus. Dei fortel at det er mange som legg ned mykje arbeid for å ha eit ope hus for dei som bur i Vrådal. På grendehuset er det stor aktivitet. Stryret fortel om korøvingar, barneidrett, treningsgrupper, loppemarknad, joletrefest, jolemarknad og utleige til barnedåpar, bryllaup og minnesamvær etter gravferder. Å ha ein felles møteplass der både unge og eldre kan møtast meiner dei er viktig. Foto: Elin Fjalestad Les også Året som gjekk – Nissedal Les også Året som gjekk – Fyresdal Les også Året som gjekk – Tokke Les også Året som gjekk – Vinje Les også Året som gjekk Seljord Elin Fjalestad elin@vtb.no Publisert: 31.12.2024 05:30 BILDESERIAR BILDESERIAR NYHENDE BILETSERIAR KULTUR Kviteseid