250 eigedomar er selt i Vinje kommune til nå i år. Eit hotell kosta mest
Salet av hotellet ved Vågslidvatnet, eigedomen Botn Vest 2, er den dyraste eigedomshandelen i Vinje til nå i år.
Hotelleigedomen kosta 10 millionar kroner då Multi Vedlikehold Eiendom AS i mai selde til My Dream AS. Ingolf Midttveit frå Laksevåg utanfor Bergen er hovudaksjonær i selskapet som har kjøpt eigedomen, ifylgje Proff.
Eigedomsmeklar Øyvind Hasseløy i Meglerhuset Rele uttala til Haugesunds Avis i samband med salet at det opp gjennom åra er kosta mykje på oppussing av hotellet. Han ville då ikkje seie kva hotellet var selt for utover å stadfeste at det var mindre enn prisantydinga på 13 millionar kroner.
– Det er et prisnivå på ei dyr hytte – og her får du ein så stor eigedom. Det er ganske enormt, sa han.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP