Taksering: Allstad skal nå få taksert ledige tomter dei eig i Kyrkjebygda, og seinare skal tomtene bli lagt ut for sal. Allstad håper det kan skje så snart som mogleg.

Allstad svarar: – Me sit ikkje klare til å selje ved einkvar førespurnad

Statlege Allstad (tidlegare Opplysningsvesenets fond) sin kommunikasjonsrådgjevar har svara på ein del spørsmål i saka der ekteparet Charlotte og Kim Andersen frå Vestfossen ikkje får kjøpe regulert hustomt i Nissedal.

Publisert Sist oppdatert

VTB fekk på telefon tak i Magnus Braate i Allstad, han som har hatt e-postutvekslingar med Andersen. Me blei samde om at Braate fekk e-post med spørsmål, og at svar kom seinare same dag.

Innleiingsvis nemnde lokalavisa at Charlotte og Kim Andersen frå Vestfossen sidan april ikkje har lykkast med å overta ei av ein del ledige hustomter som blei godkjent regulerte i 1986, og som OVF/Allstad eig i Nissedal.

Vidare blei det opplyst at Nissedal-ordførar Ian Parry-Jones mellom anna har sagt dette om saka: «– Statlege OVF, nå Allstad, øydelegg små samfunn ved å trenere, og tek ikkje samfunnsansvaret sitt på alvor. Og det verker ikkje som dei er klar over skilnaden på tomter i byen og på landet. Heile saka til familien Andersen er ei skandale.»

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS