Fekk pris: Jarand Felland, ordførar i Tokke, mottok prisen som årets hyttekommune frå generalsekretær Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag.
Privat
Blir heidra med pris for å behandle innbyggjarar og hyttefolket likt: – Einaste store hyttekommunen som ikkje diskriminerer oss hytteeigarar
Norsk Hyttelag har kåra Tokke kommune til årets hyttekommune.
I Tokke kommune er det som kjent makspris på straum på 38 øre per kWh (før avgifter). Dette gjeld både innbyggjarar og hyttefolket. Måndag fekk kommunen pris, mellom anna for at dei ikkje gjer skilnad.
– Det er andre kommunar som tilbyr billig straum til eigne innbyggarar, men Tokke er den einaste store hyttekommunen som ikkje diskriminerer oss hytteeigarar, seier generalsekretær Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag i ei pressemelding.
Ved inngangen til 2022 var det 1264 bustader og 1162 hytter i Tokke kommune.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP