Til nedfalls: Bygningane på Runninghaugen, eller Solhaug, som eigedomen også blir omtala som, er neppe grunnen til bodkampen.
Wexels DA
Bodgjevarane har høgna til 1,4 millionar kroner
Høgste bodet på den 47 dekar store eigedomen i Flatdal som skal seljast er nå på 1,4 millionar kroner – 1,1 millionar meir enn det takstmannen kom fram til som marknadsverdi.
Det er advokatfirmaet Wexels DA som har som oppgåve å selje eigedomen Runninghaugen, som seinare har skifta namn til Solhaug. Interessa for eigedomen har vore stor, og som Vest-Telemark blad melde måndag, var høgste bodet då oppe i fire gonger prisantydninga på 300 000 kroner. Seinare har bodgjevarar lagt ytterlegare 200 000 kroner på bordet, og høgste bodet er no oppe i 1,4 millionar kroner.
– Bodet kom inn måndag ettermiddag, opplyser ansvarleg meklar Marius Haugstoga.
Han fortel at det har vore sju eller åtte bodgjevarar totalt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP