Til sals: På slutten av 1800-talet budde ein familie med mange ungar i det 29 kvadratmeter store huset. No trengs det omfattande restaurering før bygningen kan takast i bruk.
Advoktafirmaet Wexels DA
Bodkamp om Runninghaugen
Den 47 mål store eigedomen Runninghaugen i Flatdal, også kalla Solhaug, ligg til sals på finn.no med ei prisantyding på 300 000 kroner. Seks-sju personar har vore inne og gjeve bod, og høgste bodet har måndag kome opp i 1 200 000 kroner, opplyser meklaren.
Fritidseigedomen, som har gardsnummer 72, bruksnummer 4, blei lagt ut for sal måndag for to veker sidan. Det opplyser ansvarleg meklar Marius Haugstoga i Advokatfirmaet Wexels DA. På eigedomen står ein 29 kvadratmeter stor tømra stogobygning, eit samanrasa fjøs med utedo, ein brønn og eit vedskjul med gråsteinsveggar og bordkledd front, går det fram av salsopplysningane.
Var bustad for mange
Meklaren opplyser at stogobygningen er sett opp kring år 1800. Ifylgje Seljordsoga var Olav Jarandsson Kjøta (1785–1857) og kona Margit Taraldsotter Rui (1791–1873) dei fyrste som budde på 72/4, som er nemnt Runningshaugen. Seinare budde Halvor Halvorsson Krossvegen (1848–1931) der. Han var fyst gift med Helge Høljesdotter Haugen (ca. 1846–1888), dinest Liv Knutsdotter Storteig (1854–1943). Her blei i alt fem ungar fødde mellom 1875 og 1893. Dei siste som budde fast der var truleg Kjetil Høljesson Nystaul (fødd i1861 og Kjersti Nilsdotter Gunleikskås (fødd i 1847). Dei flutte derfrå til Sløgerud.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP