Rafdalsmoen.

Eigedomen har vore bruka til fritidsføremål i mange år, nå blir det busetting her

Tor Ånund Haugo frå Dalen har fått konsesjon på erverv av halvparten av landbrukseigedomen Rafdalsmoen i Vågslid (93/5) og ein skogteig (89/11) i Haukeli.

Publisert

Seljar av halvdelen han no har fått konsesjon på er syster til bestemor av Haugo. Eigedomen har ein marknadsverdi på 600 000 kroner. Den andre halvparten har han overteke konsesjonsfritt frå bestemora.

Eigedomen er på totalt 1 713 dekar, derav 32 dekar fulldyrka jord og 9 dekar innmarksbeite, samt 200 dekar med skog. Bygga på eigedomen er eit våningshus frå 1941 og ein driftsbygning frå same periode. Eigedomen har vore bruka til fritidsføremål i mange år, og jorda har lege brakk i om lag ti år.

Haugo, som til dagleg arbeider som entreprenør, opplyser i søknaden at han vil busette seg på garden og drive jorda sjølv, med sal av fôr som hovudaktivitet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS