Nei til tomt: Nissedalordførar Ian Parry-Jones meiner OVF ikkje tek samfunnsansvaret sitt på alvor. Nedanfor Charlotte, Kim og dotter Ada Sofie (6) Andersen er den regulerte tomta dei framleis ikkje får kjøpe.

Familien får ikkje kjøpe regulert hustomt. – Skandale, meiner ordføraren

I april kontakta Charlotte og Kim Andersen i Vestfossen statlege Opplysningsvesenets fond med ynske om å kjøpe regulert hustomt i Nissedal. Framleis har ekteparet ikkje lykkast, og det kan ende med at det ikkje blir etablering i bygda likevel. Ordføraren reagerer kraftig på avslaget om tomt.

Publisert Sist oppdatert

Charlotte, Kim og dottera Ada Sofie (6) bur i Vestfossen, men ynskjer å flytte til Kyrkjebygda i Nissedal og føre opp hus i eit regulert byggefelt som har namnet Framnes 2. Reguleringsplanen for dette feltet blei vedteke i februar 1986, har 13 ubygde hustomter og grunneigar er Opplysningsvesenets fond (OVF). Fondet fekk i 1976 godkjent reguleringsplan for Framnes øvre like ved, der det i dag er ført opp mange bustader.

– Me har lyst til å flytte til Nissedal der me har eit nettverk av venner. Me såg på eit kart at det var ledige tomter i Framnes 2, seier Kim, når ekteparet slår av ein prat med VTB ein laurdag dei har tatt turen frå hytta si i Vrådal og ned til Nissedal.

Kim sende 15. april i år den fyrste e-posten til OVF om interesse for å kjøpe ei hustomt i Kyrkjebygda.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS