Eiget hus: Familien Yushchenko har fått sitt eiget hus, men bustadtilskottet må dei sjå langt etter.
Åshild Emma Solbjør
Familien kjøpte hus seks dagar «for tidleg» – får ikkje bustadtilskott
– Me kjøpte huset seks dagar før vedtaket om bustadtilskott i kommunestyret, men det stod jo at ordninga gjaldt eitt år tilbake i tid, fortel Anastasiia Yushchenko.
I september i fjor vedtok Vinje kommune å innføre bustadtilskott til personar som kjøper eller bygger hus i Vinje. Tilskottet er behovsprøvd, og ein kan mellom anna ikkje tene over ei fastsett maksgrense dersom ein skal få tilskottet.
Yushchenko og familien flytta til Vinje som arbeidsinnvandrarar for nokre år sidan. Fram til i fjor haust leigde dei bustad, men med hjelp frå arbeidsgjevaren, Lega Ost og Bakst, kunne dei då kjøpe eit lite hus i Øyfjell.
Dei fekk også hjelp frå arbeidsgjevaren til å skrive søknad om bustadtilskott, og søknaden vart levert 13. desember i fjor. I januar fekk dei avslag, der grunngjevinga var at ein meinte huskjøpet var fullfinansiert og at kjøpet dessutan hadde skjedd før 15.9.22.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP