Vråli: Eigedomen Vråli er på 15,8 dekar dyrka mark, 3 dekar overflatedyrka mark, 2 209 dekar produktiv skog – totalt 2 757 dekar. Av bygningar er det eldhus, loft, utedo og carport.
Stein Olav Lie
Får ikkje omgjort vedtaket til Statsforvaltaren. Må flytte til Vråli i sommar
Landbruksdirektoratet omgjer ikkje Statsforvaltaren sitt vedtak om konsesjon på eigedomen Vråli, men forlenger fristane Statsforvaltaren har sett som vilkår.
Om det skal vere buplikt eller ikkje på Vråli har vore oppe til diskusjon sidan Ola og Eline Stang Grindland kjøpte eigedomen i 2018. Nå er det Jon Grindland, far til Ola, som eig garden. I februar i fjor sende han ei klage på Statsforvaltaren sitt vedtak om konsesjon. Nå er svaret frå landbruksdirektoratet klart.
Bakgrunn
Det var i 2018 Ola og Elina Stang Grindland frå Songdalen i Agder kjøpte garden Vråli i Vråliosen. Planen var aldri flytte dit. Dei ville nytte eigedommen som tilleggsjord. Det sa kommunen nei til. Det same gjorde Fylkesmannen (no Statsforvaltaren).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP