Her kjem Grønlihagen: Skorve eigedom AS skal bygge tolv leilegheiter til mellom 2,3 til 3,8 millionar kroner. Nå er fem seld og to reservert.
Tone Tveit
Fem av tolv er seld - håpar på byggestart i haust
Bustadprosjektet som Skorve eigedom skal etablere i Kviteseid sentrum har fått god respons, men utbyggjaren treng eitt sal til før dei startar byggearbeid i Grønlihagen. Nå skal kommunen vurdere om dei har råd til å kjøpe.
Dagleg leiar i Skorve eigedom, Per Ivar Magnushommen, seier at dei nå har seld fem av dei største leilegheitene på 80 kvadratmeter i bustadprosjektet der verksemda vil bygge tolv leilegheiter delt på seks bygg.
– Tre av leilegheitene som er seld ligg i første etasje, to i andre etasje. Det er framleis to av dei største leilegheitene med to soverom som er ledige. Ingen av dei fire leilegheitene på 53 kvadratmeter med eitt soverom er seld enno, seier Magnushommen.
Eigedomsmeklar i Eiendomsmegler 1, Heidi Solvang, seier at det også er reservert to leilegheiter i Grønlihagen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP