Vatn og toppar: Eigedomen kjem med mange toppar og vatn, kjem det fram i annonsen.
Landkreditt Eiendom
For ti millionar kroner kan den veglause, ubygde eigedomen bli din
Haukhellerdalen, som eigedomen heiter, ligg i Storemidtfjell i Vinje kommune, er på over 16 000 dekar og kjem med både jaktterreng for rein og rype, og fiske.
Det er ikkje nokon bygg på eigedomen, og ein kjem seg dit via gangveg og sti. Det er to til tre timars gåtur frå Vinjerui. Ein kan også gå inn til eigedomen frå Byrte eller frå Hovden-området i Bykle kommune.
Prisantydninga er på 10 millionar kroner.
– Det har vore litt interesse på den, men foreløpig for tidleg til å seie noko meir spesifikt. Me ventar grei interesse, då det ikkje er ofte slike eigedomar kjem på marknaden, seier meklar Magnus Thorsøe i Landkreditt eigedom til VTB.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP