Samlast rundt bålpanna: Det var gløgg, kaffi, bollar og sjølvsagt fyr på bålpanna då det var førjolstreff og visning på dei nye leilegheitene ved Oftevatn i Høydalsmo.
Kari Smeland
Førjolstreff og visning av leilegheitene ved vatnet. – Eit innsal til heile bygda
Tre av dei åtte leilegheitene som Vest-Telemark Næringsbygg (VTN) har bygd ved Oftevatn i Høydalsmo ventar framleis på nye eigarar. Onsdag inviterte varaordførar og VTN på førjolsstemning ved leilegheitene.
Olav Moen er dagleg leiar i VTN og veldig fornøgd med at mange bygdefolk tok turen for å sjå på leilegheitene, varme seg på gløgg og kaffi og slå av ein prat.
VTN har bygd til saman åtte leilegheiter ved Oftevatn, fordelt på to bygg. Fem av dei vart selt før byggestart, noko som var eit krav for at VTN skulle ta fatt på prosjektet. Tokke kommune har kjøpt fire, medan VTK (Vest-Telemark kraftlag) har kjøpt éin.
Tre er altså framleis ledige. Moen er litt overraska.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP