Glad i Heddersvik: Mikkel Veum-Søhoel håpar han kan ha Heddersvik i Kviteseid kommune som fritidseigedom.

Forklarar kvifor søskena ville dele storgarden

Søskena Gunhild Andrea Veum og Mikkel Veum-Søhoel ynskte kvar sin del, men fekk nei til å dele Liarheim i Fyresdal og Heddersvik i Kviteseid. Nå går dei ein annan veg for at båe framleis skal få behalde litt av barndomsminna.

Publisert Sist oppdatert

– For meg er det plassen Heddersvik som betyr mest. Eg ville helst hatt eigedomen slik den kom inn i familien i 1849, men viss det blir slik at eg har hytta og kan bruke plassen er det i orden for meg.

Det seier Mikkel Veum-Søhoel. Bærumsmannen vil forklare kvifor han og systera Gunhild har kjempa for å dele driftseininga på nesten 10 000 mål. Planen er at Gunhild skal flytte heim etter 30 år i Italia og bu på Liarheim i Hegglandsgrend i Fyresdal. Mikkel skal ha Heddersvik som ligg i Kviteseid kommune som fritidseigedom.

Planutvalet i Fyresdal kommune har sagt eit tydeleg nei til delinga. Vedtaket er stadfesta av statsforvaltaren. Grunngjevinga er at næringsgrunnlaget på Liarheim vil bli monaleg redusert og at det blir ein stor fritidseigedom i Kviteseid.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS