Lever draumen: På Trevet i Dyrlandsdalen, har Mai-Linn og Sondre skapt sitt eige vesle paradis. Her bur dei saman med yngste dotter Ellinor, to hestar og fleire høner. Om sommaren beitar det både sauer og storfe på garden.

Frå falleferdig småbruk til draumestad: – Mange gonger i løpet av veka kjenner eg meg lykkeleg

Det falleferdige småbruket Trevet i Dyrlandsdalen skulle vise seg å vera draumeplassen til Mai-Linn Ingebrigtsen og Sondre Tveito. Dei håpar fleire som eig småbruk som berre blir ståande, vil vurdere å selje til folk som er villige til å bruke tid og krefter på å ta vare på det.

Publisert Sist oppdatert

I Dyrlandsdalen, eit godt stykke unna travle byliv, har Mai-Linn og Sondre skapt sitt eige vesle paradis.

Trevet kjøpte dei i 2021. Før den tid hadde dei vore på leit etter eit småbruk i fire år. Sondre er opphavleg frå Lårdal, og dei fortel at dei ringde på alt som var av småbruk i heimbygda hans for å høyre om nokon ville selje.

– Det var det ingen som ville, så då måtte me utvide søket litt, seier Sondre.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS