Sakshandsamar: Elin Skålid, landbruksrådgjevar Fyresdal kommune.
Geir Ufs
Godkjenner at eigedomen blir dela – nytt småbruk i Birtedalen kan få fast busetnad
Hovudutval for plan og miljø i Fyresdal har gått med på kommunedirektøren si tilråding om å la Aase og Leiv Birger Tovslid dele frå eigedomen Klauvås frå Tovslid. Målet er å selje Klauvås for å etablere fast busetnad der, noko som vil styrke busetjinga i Birtedalen.
Eigedomen Tovslid, gnr. 16/10, består av fleire eigedomar med eit totalareal på 4430 dekar, inkludert 1860 dekar skog og 65 dekar dyrka jord. Klauvås, som er ein del av denne eigedomen, har eit areal på 34 dekar, med 21,7 dekar dyrka jord og 11 dekar produktiv skog. Det finst eit bustadhus på Klauvås som er restaurert, og ein driftsbygning i dårleg stand.
Fram til 2002 var Klauvås ein eigen eigedom, men vart kjøpt av Aase og Leiv Birger Tovslid, som sidan har leigd det ut som ferieplass. Den dyrka marka på Klauvås har blitt leigd ut etter at paret slutta med sauehald, men er no ute av drift.
Sjølv om vurderingane etter jordlova skulle tilseie eit nei til deling, anbefaler kommunedirektøren likevel delinga fordi det kan fremje busetjing i området, i tråd med jordlova paragraf 12, fjerde ledd. Aase og Leiv Birger Tovslid har fått ein førespurnad frå eit nederlandsk par som ønskjer å busetje seg i Fyresdal. Dei har alt budd i området i lengre periodar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP