Her har det vore meieri og rutebilstasjon. Nå vil kommunen kjøpe sentrumseigedomen

Brøløsvegen 7 har husa meieri og bilruter. Nå vil kommunen kjøpe eigedomen.

Publisert Sist oppdatert

Seljord kommune og Telemark Bilruter, gjennom selskapet Brøløsvegen 7, er einige om ein pris på 7,25 millionar kroner. Seljord-rådmannen rår kommunestyret torsdag til å seie ja til kjøp, og finansiere dette med lån. Tomta er på 9,5 mål med ei bygningsmasse på om lag 1200 kvm grunnflate, fordelt på to bygg.

I 1953 blei bygget sett opp. Fram til 1972 husa det meieri i Seljord. På starten av 80-talet blei bygga sett opp slik dei står i dag. Sidan då har Telemark bilruter halde til her. Nå har selskapet flytta til Nordbygdi, men det er framleis Telemark Bilruter AS som eig tomta og bygget gjennom selskapet Brøløsvegen 7.

Kommunen skal torsdag ta stilling til kjøp av dette aksjeselskapet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS