Prøvestein: Irja Godal (Bygdelista) meinte handsaminga av denne planen vil vere ein prøvestein på om kommunen er i stand til å forvalte nasjonale interesser. Ein prøvestein betyr ei avgjerande prøve, ein test av kor ekte noko er. Uttrykket kjem frå ein test som vart brukt i tidlegare tider for å avgjere kor mykje gull det var i gjenstandar. Då vart dei gnidde mot ein prøvestein av basalt og fargen på stripa som festa seg til steinen avgjorde gullinnhaldet, opplyser Store Norske Leksikon.

Hytteplanen nær nasjonalt villreinområde splitta politikarane. – Ein prøvestein på om me er i stand til å forvalte nasjonale interesser

Planen om til saman 484 hytter på Flåmyrane i Vågslid er godt utforma og tek vare på naturverdiane i byggeområdet, det kunne plan- og miljøutvalet i Vinje einast om. Utfordringa er at den ligg så nær nasjonalt villreinområde.

Publisert Sist oppdatert

Grunneigar Nils Vågslid har alt bygd 132 hytter, og 117 einingar til er godkjende men ubygde. Nå vil han fortette og utvide hyttefeltet med 235 einingar til, slik at det totale talet på hytter vert 484. Dette vil gje viktige inntekter med tanke på å drive fjellgarden Viki, som har han og kona Kamilla har bygd opp att frå nesten ingenting, og der dei nå er i full drift med både storfe og anna.

Måten hyttene er plasserte på fekk ros frå fleire i PMU.

– Det er tenkt naturverdiar og tenkt på grøne lommer, sa Irja Godal (Bygdelista), som også framheva kontrasten til den nyleg vedtatte Arbuviki-planen, som med sine 13 nye einingar innebar større CO₂-utslepp enn Flåmyrane III med 235 nye einingar. Men det hjelper ikkje, meinte ho, når hyttefeltet ligg berre 160 meter frå nasjonalt villreinområde.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS