Kan bygge hytte på bustadtomt

Nissedal formannskap har gjeve dispensasjon frå byggeforbodet i landbruks-, natur- og friluftsliv-areal (LNF) for oppføring av fritidsbustad på Vang på Felle. Bygget kan vere på inntil 120 kvadratmeter.

Publisert Sist oppdatert

Karin Margrete Mikaelsen i Kristiansand eig Vang, ikkje langt frå Felle kapell. Eigedomen på 9,3 dekar blei oppretta i 1952 som tomt for bustadhus, etter frådeling frå landbrukseigedomen Helland.

Tomta blei aldri bygd på, og fyrst nå er det tatt konkret initiativ for å få til ei godkjent utbygging.

Vang ligg som LNF-areal i kommunedelplanen for Felle. Der er det eit generelt dele- og byggeforbod for tiltak som ikkje fell inn under definisjonen stadbunden næring; jord- og skogbruk. Byggeforbodet kom som fylgje av ny plan- og bygningslov i 1985, med tilhøyrande arealdel til kommuneplanen for Nissedal i 1990. Det er dette byggjeforbodet som Mikaelsen har søkt dispensasjon frå.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS