Eit klart nei: Kim Jørgen Berntsen (Ap) var sterkt imot auke i eigedomsskatten på hus, hytter og næringseigedomar.

Kjempa mot eigedomsskatteauken. – Alt rundt oss aukar og renta tek knekken på husstandar

I det siste kommunestyremøtet i 2024 sa Nissedal Ap eit klart nei til ein auke i eigedomsskatten på hus, hytter og næringseigedomar. Posisjonspartia Sp og KrF hadde eit heilt anna syn på saka.

Publisert

Tilrådinga frå kommunedirektøren var å auke skattegrunnlaget med 10 prosent når eigedomsskatt for 2025 skal bli skrive ut for bustader, fritidsbustader og næringseigedomar. Det blei vist til at prisutviklinga (verdien) på hus, hytter og næringseigedomar dei seinare åra er på godt over ti prosent, som er ei øvre grense eigedomsskattelova set for å auke skattegrunnlaget frå eit år til eit anna.

Kjem alle til gode

Kim Jørgen Berntsen (Ap) starta debatten i skattesaka. Han viste til at innbyggarane i kommunen skal betale eigedomsskatt i ei tid der straumen er urimeleg høg og det er ubehageleg å gå på matbutikken med dagens prisnivå.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS