Med i fleirtalet: Sondre Aasan (Sp) var blant politikarane som sa nei til sameige på Hovdestaul i Seljord kommune.
Tone Tveit
Knapt fleirtal avslo sameigesøknaden: – Driftsmessig dårleg løysing
Med fire mot tre røyster avslo samfunnsutvalet i Seljord søknaden om sameige på Hovdestaul, rett ved kommunegrensa til Vinje.
Vedtaket var i tråd med kommunedirektørens tilråding, men utvalet var splitta. Gunnar Eilefstjønn (H) fekk med seg Aps to representantar, Eivind Skogheim og Aud Jonskås, då han føreslo å gje søkjarane konsesjon, medan Sondre Aasan (Sp), Geir Halvor Haugen (H), Bjørn Ulvestad Andersen og Hanne Smeland Edvardsen (begge Frp) sikra fleirtal for tilrådinga frå administrasjonen.
– Vedtaket er grunngjeve med at kjøpet vil føre til at det oppstår eit sameige i landbrukseigedomen, som fører til uoversiktlege eigarskap og dårlegare ressursforvaltning og forvaltning av kulturlandskapet, heiter det i møteprotokollen.
– Sameiget vil føre til at ressursane på 112/4 ikkje disponerast på ein slik måte at produksjonsevne og utnyttingsevne blir teken vare på, slik at eigedommen i framtida kan leggja grunnlag for drift og busetjing. Ervervet fører heller ikkje til busetjing på eigedomen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP