Våningshuset: Er truleg frå 1700-talet og har ei grunnflate på 60 kvadratmeter. Toroms-stoga er opphaveleg ei tømre som seinare er kledd utvendig med bordkledning. (Kjelde: Salsprospektet)
Anne Sofie Tresland
Kommunen veit det er folk som ville bu på dette småbruket. Politikarane sa nei til konsesjon utan buplikt.
Alf Kjetil Runningen frå Seljord har kjøpt gardsbruket Fossøl i Åsgrend i Kviteseid. Eit samla formannskap avslo konsesjonssøknaden.
Kjøparen søkte Kviteseid kommune om konsesjon utan vilkår om buplikt. Føremålet med kjøpet var å bruke eigedomen til skogdrift og beite saman med granneeigedomen Runningen, som søkjaren eig, og saman med eigedomen Skarkevju i Vefall i Seljord, der Runningen bur. Kommunedirektøren rådde politikarane til å avslå søknaden, noko eit samla formannskap vedtok utan debatt.
– Større nytte som bustad enn tilleggsjord
Sakshandsamar Jon Olav Lia var til stades i møtet og orienterte om at kjøparen søkjer om å nytte Fossøl som tilleggsjord, og at han ikkje ynskte å busetje seg der.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP