Illustrasjonsfoto frå Holtardalen i Rauland.

Lågaste hyttesal på fem år – men fleire kjøper dyr hytte

Trass i kraftig prisvekst i 2022 fekk hyttemarknaden ein knekk i fjor, ifølgje tal frå Eiendom Norge. Likevel skyt salet av dei dyraste hyttene i vêret.

Publisert Sist oppdatert

For etter fleire år med prisvekst i den norske hyttemarknaden, som toppa seg under pandemien, er både etterspurnaden og prislappen på veg ned, ifølgje bransjeorganisasjonen.

– I 2023 har omsetningsvolumet falle litt tilbake frå 2022, og vi må tilbake til 2015 for å finne tilsvarande volum, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Prisen for både fjellhytter, sjøhytter og innlandshytter sokk i fjor samanlikna med 2022. Nedgangen er størst for sjøhyttene, der gjennomsnittsprisen fall med 4,1 prosent frå 2022.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS