Leilegheiter, småbruk og hus. Slik er bustadmarknaden i Vest-Telemark
Leilegheiter, småbruk, tun, gardsbruk og hus. For ein million eller tjue, eller ein stad i mellom, kan du nå få ein ny stad å bu i Vest-Telemark.
Siste veka i august får ein 102 treff om ein søker på bustadar til sals i dei seks kommunane i Vest-Telemark. Størst er utvalet i Vinje, med 52 treff, deretter følgjer Seljord og Kviteseid med høvesvis 16 og 15. I både Tokke og Nissedal er det nå 9 bustadar til sals, medan Fyresdal berre har eitt hus på marknaden. I alle fall som ligg ute på finn.no.
Dei rimelegaste husa er nå i Kviteseid og Seljord. I Flatingrendi i Seljord kan du få ein einebustad på 140 kvadrat til 1,1 million, medan du i Vråliosen kan få eit hus på 160 kvadrat til 1 million.
Av vanlege bustadhus må ein grave djupast i lommeboka om ein vil ha ein arkitektteikna einebustad i Åslandsreinane på Dalen. Bustaden ligg ute til 6,2 millionar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP