Auka behov: Det er nå ni omsorgsbustader (t.v.) Nissedal omsorgssenter, men dette er ikkje nok. Det er heller ikkje nok sjukeheimsplassar ved senteret (t.h.) med tanke på framtida.
Privat
Må ha nye omsorgsbustader og fleire sjukeheimsplassar
Eit nødvendig utbyggingsprosjekt til 38,5 millionar kroner ved Nissedal omsorgssenter er sett på vent. Fyrst må ein vite framtidig behov for sjukeheimsplassar der. Ytterlegare fem omsorgsbustader må på plass.
I sist møte i prosjekterings- og byggenemnda (formannskapet) i Nissedal kommune, blei det gjort ei vurdering av vedtatt byggeprosjekt på omsorgssenteret opp mot framtidig behov for sjukeheimsplassar.
I saksutgreiinga slår kommunedirektøren fast at det absolutt er behov for det vedtekne byggeprosjektet, men også at det er behov for å sjå på heile senterbygget.
«Bygget er 50 år gamalt og per i dag ikkje formålstenleg og heller ikkje tilpassa for framtida. Kva er mogeleg å få til med eksisterande bygg, kan ein bygge i breidde og høgde, for å få eit funksjonelt bygg som er formålstenleg? Dette bør bli avklart og planlagt før ein set i gang ei ombygging», står det i saka, før kommunedirektøren fortset:
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP