Leia opninga: Arve Semb Christophersen, fylkesdirektør i Vestfold og Telemark fylkeskommune, leia opningsfesten til fylkessenteret i Seljord. Nå meiner han at sju av åtte bygg på den fylkeskommunale eigedomen bør bli selt.

Meiner det blir feil å bruke pengar på tomme hus

– Eg meiner det er best for Seljord at bygningane blir overtatt av nokon som tar dei i bruk, seier fylkesdirektør Arve Semb Christophersen.

Publisert

Då fylkessenteret opna i Seljord i mars var det fylkesdirektør i Vestfold og Telemark, Arve Semb Christoffersen, som leia festprogrammet. Førre veke la fylkesdirektøren fram innstillinga om framtida til bygga på eigedomen som tidlegare husa den vidaregåande skulen i Seljord. Saka skal til endeleg handsaming i fylkestinget 13. juni. I innstillinga kan ein lese at bygget som i dag husar fylkessenteret og arealet rundt det, som hage, garasje og tilhøyrande parkeringsareal bør bli i fylkeskommunalt eige. Anna areal og dei sju andre bygningane kan bli frådelt og selt.

– Kvifor kjem denne saka til politisk handsaming akkurat no, kort tid etter etableringa av fylkessenteret i Seljord?

– Fordi det er nå dei er ledige og klare for å bli selt, svarar fylkesdirektøren på spørsmåla han har fått tilsendt på e-post.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS